GRAVFERD

Ein treng ikkje vera medlem av noko kyrkjesamfunn for å bli gravlagd, for gravlegging og gravstad er ei kommunal oppgåve, som alle har rett til, men dei fleste ønskjer å ha ein gravferdsseremoni på førehand.

Det er mulig å arrangera gravferd frå bedehuset, eller om ein ønskjer det, kan ein leiga ei kyrkje til gravferda utan at ein brukar tenestene til Den norske kyrkja. Det er naturleg at ein bruker eit gravferdsbyrå til alt det praktiske, men sjølve seremonien kan folk frå Norsk Luthersk Misjonssamband stå for, anten det er på bedehuset eller i kyrkja.

Viss nokon har ønskje om å bli gravlagd i vår forsamling, kan anten gravferdsbyrået eller dei pårørande ta kontakt med formannen i styret, så vil dette bli ordna. Slik situasjonen er nå, vil han då ta kontakt med regionsleiinga for NLM og be dei ta over det seremonielle, men dei pårørande kan gjerne kome med ønskje viss det er spesielle personar dei ønskjer skal bli brukte.