DÅP

Jesus ba oss om å forkynna Ordet Hans ut til allverda og døypa (Matt 28, 18-20), og det gjer vi i misjonsforsamlinga vår. Vi trur at ”dåpen verkar forlating for syndene, frelser frå døden og djevelen, og gjev evig liv til alle som trur. Dette er Guds ord og lovnad,” slik Martin Luther har formulert det.

Me bruker å ha dåp på sundags føremiddagsmøte, for det å bera nokon fram til dåp, er ei viktig sak for heile forsamlinga. Den døypte blir innlemma i Guds rike og i forsamlinga vår. Derfor får også kvart dåpsbarn ein eigen forsamlingsfadder, som skal vera med å be for barnet og hjelpa til at det må bli bevart hos Jesus, på same måten som dei fadrane som foreldra spør sjølve.

Viss nokon ønskjer å få barnet sitt døypt i forsamlinga vår, tar dei kontakt med formannen i styret, så ein kan finne tid for det.