LITURGI

Misjonsforsamlinga høyrer til i den lågkyrkjelege bedehustradisjonen i landet der forkynninga av Guds Ord er det sentrale i møtet når ein kjem saman. Derfor er det, tradisjonelt, ikkje så mange andre faste innslag i møta, utanom vitnesbyrd, song og musikk.

Det tyder ikkje at me er i mot å bruka liturgielement som ein kjenner frå t.d. Den norske kyrkja, men me tar inn dei som kan passe i samanhengen og bruker dei på vår måte, t.d. i samband med sakramentforvalting (dåp, nattverd) og kyrkjelege handlingar (konfirmasjon, signing av ektepar og gravferd).

Den lågkyrkjelege tradisjonen har heller ikkje vore opptatt av at ein må vera prestevigd for å kunne forvalte sakramenta eller utføre dei kyrkjelege handlingane. Me praktiserer det Luther kalte ”det allmenne prestedømmet”, med utgangspunkt i 1. Pet. 2,9, så slike oppgåver er det vanlege medlemmar av forsamlinga som utfører.