KVISTEN

Velkomen til Kvisten barnelag! Eit barnelag for alle born mellom 3 og 10 år. Me har samlingar på Nærbø bedehus, på tysdagar i partallsveker kl.17.00 – 18.00.
Dei små har eige opplegg med andakt og aktivitetar.
Dei som har begynt på skulen, kan velja mellom gymsalen på Bø skule eller aktivitetar. Nokre gonger lager borna gevinstar til vårbasaren, andre gonger får dei laga ting å ha med seg heim.
På kvar samling får alle som vil, vera med å gje pengar til Barnas misjonsprosjekt i NLM.
Tre gonger i året har me fellessamlingar for alle gruppene. Då er foreldre og andre hjarteleg velkomne.

Til vanleg vert barna delt inn i 3 grupper:
3 - 5 år
1. - 2. klasse
3 - 4. klasse

Medlemskontigenten er 50 kr pr år.

Har du spørsmål om Kvisten barnelag, kan du kontakte Kari Handeland. Mob. 40295615

Velkomen!

Komande samlingar:

    • 26. november 2019  17:00 - 18:00