NATTVERD

På om lag annakvart sundags føremiddagsmøte, dvs. ein gong i månaden, er det nattverd i Misjonsforsamlinga. Dette skjer før talen for at også borna skal få ta del i dette før dei går til sundagsskule.

Nattverd er utdeling av Jesu kjøt og blod, i form av brød (glutenfrie oblatar) og vin (alkoholfri) som eit Guds nådemiddel og sakrament. Nattverden er for alle som vedkjenner seg Jesus som sin Frelsar, eller ønskjer å høyra Han til, og det er heilt frivillig å delta.

Nattverden blir innleia med at forsamlinga reiser seg og seier fram forsakinga:
Eg forsakar djevelen og alle hans gjerningar og alt hans vesen
og trusvedkjenninga:
Eg trur på Gud Fader, Den Allmektige, som skapte himmel og jord. Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne Son, vår Herre, som vart avla ved Den Heilage Ande, fødd av Maria møy, pint under Pontius Pilatus, vart krossfest, døydde og vart gravlagd, fór ned til dødsriket, stod opp frå dei døde tredje dagen, fór opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, Den Allmektige Fader, skal koma att derifrå og døma levande og døde. Eg trur på Den Heilage Ande, ei heilag, allmenn kyrkje, eit samfunn av dei heilage, forlating for syndene, oppstode av lekamen og evig liv.

Det blir lese frå Guds Ord (1. Kor 11, 23-26), og så kjem nattverdgjestene fram til podiet og tar i mot nattverden. Borna går fram saman med foreldra, og det er foreldra som avgjer om borna deira er mogne nok til å få nattverd, eller om dei i staden skal bli velsigna av nattverdutdelaren. Etter at ein har tatt i mot nattverden, går ein tilbake til plassen sin.

Under utdelinga av nattverden syng forsamlinga songar, og han blir avslutta med velsigninga.