SALVING AV SJUKE

I Bibelen (Jak. 5, 13-18) står det at viss ein er sjuk, skal ein kalla til dei seg dei eldste i forsamlinga som skal be for den sjuke og salva han med olje. Gud lover ikkje at den sjuke skal bli frisk, for det er bare Gud som veit kva tankar han har med oss. Men Gud seier at bøna som er boren fram i tru, skal berga han, og han skal få syndene sine tilgjevne.

Det treng ikkje vera nokon frå styret i misjonsforsamlinga som er med på sjukesalving, men om nokon ønskjer det, er vi glade for å verta spurde og kjem gjerne på besøk. Der det er naturleg, kan den sjuke eller dei pårørande få bestemma sjølve kven dei vil skal koma, så langt det let seg gjera.

Ta kontakt med formannen i styret for dette.