UTSENDINGAR

Nærbø Misjonsforsamling har fleire utsendingar. Dei jobbar delvis i sensitive område og derfor kan me av tryggingsmessige grunnar ikkje offentleggjera namna på nettsida.

Men dei treng verkeleg di forbøn!
– Be om styrke, glede og visdom for utsendingane
– Be om god kultur- og språklæring for nye utsendingar.
– Be for misjonærborna
– Be for dei lokale kristne
– Takk for at Bibelen stadig blir omsett til fleire språk

Tidlegare leiar for NLM Utland, Hjalmar Bø, har sagt det slik med tanke på arbeid i sensitive område: «Evangeliet blir formidla gjennom ord og handling. Når me vandrar saman med folka, midt blant dei, og får djupe relasjonar, då ser me at menneske kjem til tru.»